Leserinnlegg av Bernhard Riksfjord

«Forundra over negative protestar»

Møreaksen har fylt 33 år, og er klokkeklar og gryteklar for å kunne gjere ein god og nyttig samfunnsinnsats innan samferdselsområda i regionen. Ingen «større» vegprosjekt har blitt starta opp og gjennomført på under 33 år i planleggingsmodus.

Motstand: Bernhard Riksfjord meiner motstanden mot Møreaksen er uforståeleg.   Foto: Kjell Herskedal.

Leserinnlegg

Tidsperioden 2009–2019 var krevjande både behandlings- og framdriftsmessig for Møreaksen-prosjektet. Alle krav til omfattande utgreiingar, høyringar og politiske vedtak vart behandla og vedtatt etter norsk lov, forskrifter, regelverk og i tråd med plan- og bygningsloven. Det var derfor både gledeleg og tillitvekkande at alle faglege- og politiske anbefalingar, vedtak og vedtak tok Møreaksen inn i Ny Nasjonal Transportplan som eit prioritert og anbefalt prosjekt.

Vi ser derfor fram til Stortingets behandling og vedtak om Nasjonal Transportplan 2022–2033. Da vil Møreaksen bli vedtatt med eit stort og forventa fleirtal. Dette vil utan tvil medføre nye moglegheiter, større tilgjengelegheit, og positivitet for befolkninga, brukarane og næringslivet i regionen.

Negative protestar

Derfor er det kanskje grunn til å sjå seg litt attende over all motstand og elendighetsbeskrivingar som er produsert og formidla over lang tid. Det finst vel ingen oppegåande personar som ville vore forutan dei mange gode og nyttige samferdselsprosjekta, som har komme på plass i ferjefylket Møre og Romsdal gjennom svært mange tiår. Prosjekta kom rettmessig på plass trass elendighetsbeskrivelser, protestar og motaksjonar med dei sedvanlege krava om nye omkampar – utruleg nok støtta av tusenvis av negative personar og grupper som protesterte heftig og lenge. Der framleis ferjedrift på desse sambanda også vart framstilt som det aller beste for brukarane.

Nokon som saknar ferjene?

Er det i dag nokon som eksempelvis saknar ferjene i staden for Krifast, Atlanterhavsveien (oversjøisk) Eiksund eller Fannefjordtunnelen? Fornufta, moglegheitene, kunnskapen og optimismen vann rettmessig fram over dei negative og pessimistiske påstandane gong etter gong, og takk for det.

I dag nyttar derfor om lag 8,6 millionar køyretøy desse påståtte «forferdelege» prosjekta i fylket vårt, noko som er nærare to millionar fleire køyretøy, eller passasjerar frakta med Flytoget, gjennom Romeriksporten, Norges lengste jernbanetunnel.


Leserinnlegg av Johan Arne Johansen

«Ferjer for evig tid»

Både bygging, drift og vedlikehold av fire gigantferjer i tillegg bygging og vedlikehold av ferjeleier, er vel å drive på gamlemåten. Og det blir ikke bedre hvis Møreaksen bygges, for det blir også et evigvarende drifts- og vedlikeholdsoppdrag. 


Tar på skylappane

Eg har ofte undra meg over om den negative samferdselsmotstanden er medfødt, arveleg eller kjem av uklare miljømessige årsaker. Det er uansett merkeleg og uforståeleg når motstandarane på nytt, denne gongen mot Møreaksen som er ferdig utreda og i målområdet, tar på seg skylappane igjen.

Derfor blir det heilt «greinalaust» og meiningslaust å gjennomføre meiningsmålingar og stemmegiving mellom eit ferdig konsekvensutreda Møreaksen-prosjekt med alle utgreiingar og vedtak godkjent, satt opp mot ein luftig ide kalla Romsdalsaksen. Romsdalsaksen manglar beviselig alle former for utgreiingar, kommunedelplanar, høyringar, konsekvensutredningar og ikkje minst nødvendige politiske vedtak – lokalt, regionalt og nasjonalt.

Det er i slike tilfelle at pålegget om å fjerne skylappane må vere eit rettmessig krav før ein kan samanlikne desse to prosjekta. Det hjelper sikkert lite å påpeike følgande fakta: Det tek om lag tre kommunestyreperiodar å utføre alle krav og tiltak for å gjennomføre desse pålagde og nødvendige prosessane. Dette er berre ein av dei store og viktige forskjellane mellom den «gryteklare» Møreaksen, og ideprosjektet Romsdalsaksen, som manglar omtrent alt som krevjast for å kunne bli vurdert. Og minner derfor om 33 år, det er trass alt lang tid.


Leserinnlegg av Per Vidar Kjølmoen

«Billigere ferjer bare første skritt»

Halvering av ferjetakstene er et godt eksempel på hva Møre og Romsdal kan oppnå når vi står sammen.


Moderne og tidsriktig

Ryfylketunnelen som vart opna i 2019 har blitt tatt i mot med stor tilfredshet, glede og begeistring av alle brukarane og innbyggarane. Tunnelen er verdas lengste og djupaste med 7 prosent stigning. Møreaksen vil bli det mest moderne, sikre og tidsriktige prosjektet av alle dei 37 undersjøiske tunnelane som er bygd i Noreg. Dette er beviselig riktig, i motsetning til alle dei negative og feilaktige elendighetsbeskrivingane, som er gjentatt gang etter gang mot Møreaksen.

Dommedagsprofetiane om Møreaksen må stoppe no. Møreaksen kjem heldigvis, så får heller dei evige elendighetsbeskrivarane og pessimistane finne seg eit nytt prosjekt å vere imot.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!