Aller først: Bruk røysteretten din og snu den traudige nedgangen i valdeltaking. I dei siste vekene fram til valet vil ei rekkje saker og tema verte omtala og debatterte. Valflesk og andre godbitar vil finne vegen til oss veljarar gjennom radio, TV aviser og valmateriell. Vi har mange listeframlegg å velje mellom. Ikkje alltid like lett å finne den som samsvarer best med mine prioriteringar. Personvala kan vi i eit Stortingsval gjere lite med, det har andre bestemt for oss på førehand.

Denne gongen vil eg knytte nokre ord til ei sak som vil vere høgaktuell i denne valkampen. Kontantstøtta! Vi må attende til 1998 då Bondevikregjeringa fekk innført denne ordninga i landet vårt. Kontantstøtte er rett og slett ei kontantyting som her i landet vert gjeve til foreldre til barn mellom eitt og to år og som ikkje eller berre delvis nyttar barnehage med statleg tilskot. Frå 1999 galdt ordninga også for toåringar. Denne siste vart fjerna i 2012 av Stoltenberg-regjeringa. Dessutan har dei månadlege beløpa gradvis vorte reduserte. Det same gjeld talet på mottakarar. I 2004 var vi oppe i 75.000 mottakarar av kontantstøtte.

Bakgrunnen for heile denne ordninga var mangel på barnehageplassar, foreldra sin valfridom, at dei minste barna hadde best av å vere heime med mor og eller far. Undervegs i desse åra har fleire kritiske røyster til denne ordninga dukka opp. Det hindrar integreringsarbeidet mellom innvandrarar. Her kunne nok andre tiltak ha motverka dette. Dessutan finst også dei som hevdar at barnehage er best også for dei minste. Norge er ikkje åleine om denne ordninga. Vi finn t.d. ordninga innført i Finland, Danmark, Sverige og Tyskland.

Fleire av dei politiske partia har gjennom sine ferske partiprogram frå 2021 i klartekst sagt at kontantstøtteordninga må fjernast. Valfridomen for foreldre (og barn) skal vekk, mor og far for fullt ut i arbeidslivet og eittåringane vert plassert i barnehage.

Eg er skuffa over dei partia som no for fullt kjempar for å fjerne kontantstøtta. Dette gjeld parti både på venstre og høgresida i det politiske landskapet. Honnør til dei som ser verdien av at ordninga held fram. Full kontantstøtte svarar til i dag 7.500 kr pr. månad. Eg er rimeleg overtydd om at støtta er med på å leggje grunnlag for at familiar kan velje mellom barnehage og det å ha omsorga sjølve for barnet heime. For samfunnet er dette ei god investering der barnehageplass langt overstig kostnaden med kontantstøtte. Mange er i festtalar positive til det å styrke familien. I praktisk politikk er dei fine orda ofte gløymde.

Konklusjon: Kontantstøtta er positiv i høve til familiar som vel dette, barna dette gjeld og samfunnet vårt totalt. Det undrar meg difor at alt for mange politikarar snur ryggen til denne godt innarbeidde ordninga. Kanskje kan denne saka vere tunga på vektskåla i ditt val 13. september?

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!