Vedtaket om sal av Fjord1-aksjane vart gjort med knappast muleg fleirtal, 16 mot 15. Eit mindretal på 13 meinte det var gjort sakshandsamingsfeil og kravde lovlegkontroll av vedtaket.
– Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjennomført lovlegkontroll og konkludert med at vedtaket om sal av aksjane i F1 Holding As er gyldig, skriv departementet i ei pressemelding.
Det må vere klare haldepunkt for at det skal ha skjedd noko ulovleg, så lenge fleirtalet meinte at saksbehandlinga var tilstrekkeleg, heiter det i svaret frå departementet.
Departementet svarer også at dei ikkje har hatt tilgang til all informasjon i saka.
«Sjølv om departementet har fått tilgang til ei stor mengde saksdokument, har departementet ikkje hatt tilgang til presentasjonen frå rådgjevarane eller kva som skjedde i den lukka delen av møtet utover det som er omtala skriftleg eller referert frå dei opne fylkestingsmøta 23. november og 18. desember», heiter det i avgjerda.
– Har ikkje forstått essensen
– I fylkesrådmannens forsvarsskriv har departementet fått tilgang til mykje meir informasjon enn det fylkestingsrepresentantane hadde tilgang til den 23. november, då saka vart avgjort, seier varaordførar Åshild Kjelsnes (Ap) i ein kommentar til smp.no.
– Det var mange nyvalde representantar som fekk saka over bordet, og det var veldig lite som var delt ut i forkant. Det aller meste vart delt ut i møtet. Og det er jo dette som er stridens kjerne.
Ikkje avgjort
Også konkurransetilsynet har fått saka til handsaming.
– Vi fekk saka 31. januar og har frist til 8. august, får smp.no opplyst hos Konkurransetilsynet.
Minoritetseigar Per Sævik har varsla rettssak om salet.
– I høve vår sak så har avgjerda i departementet ingen betydning, seier Per Sævik til smp.no.