Ulstein-firma leverer 15 båtar til Hurtigruten

Hatløy Maritime i Ulsteinvik skal levere det som skal vere verdas største tender-båtar til Hurtigruten.

Næringsliv

Kontrakta som er den første i sitt slag for båtfirmaet med fire tilsette, blei offentleggjort onsdag.

– Vi fekk en førespurnad i januar og kasta oss rundt. I løpet av 48 timar var det meste på plass. No satsar vi på eit godt samarbeid med Hurtigruten om båtane, fortell dagleg leiar Ståle Hatløy om avtalen som er nybrottsarbeidd for bedrifta.

Les også:

Verdien på gummibåtavtale kan bli fleirdobla (krever innlogging)

Sjå video: Høyr ekspedisjonsleiaren, designaren og dagleg leiar fortelje om båtane

Stødige Gummibåtane er laga for å vere stødige når dei tek opp passasjerar frå ekspedisjonsskipa til Hurtigruten.   Foto: Marius Rosbach

 

Verdas største

Avtalen dreiar seg om hurtiggåande gummibåtar, av tender-typen og skal nyttast til hurtigruteskipet Midnattsol. Båtane er ifølgje designer Øyvind Gjerde Kamsvåg verdas største av sitt slag - sju meter lange og tre meter breie.

Kamsvåg er mest kjend i bransjen som designar i Ulstein-gruppen, men har i ei årrekkje vore medeigar i Hatløy Maritime. No har han designa gummibåtane som skal byggjast ved ein fabrikk i utlandet.

Hurtigruten bestiller frå Hatløy Maritime:

Verdas største av sitt slag - skal nyttast på ekspedisjonscruise

Minst 15 hurtigåande gummibåtar skal Hatløy Maritime levere til Hurtigruten.

Båtane er tilpassa bruk i polare farvatn, ein type cruise som er spesielt satsingsområde for dei nye hurtigruteskipa. Mellom anna er det muleg å felle ned alt utstyr om bord.

I ein film lagt ut på nettstaden Vimeo, der Hurtigruten viser fram ein prototype, vert den nytta til å ta med passasjerer ut for å dra krabbeteiner.

Skjermdump fra video publisert av Hurtigruten på Vimeo. 

Kraftig dieselmotor


Rolls-Royce leverer design og utstyr til hurtigrutene

Rolls-Royce har signert en kontrakt med Kleven om å levere utstyr og design til de nye hurtigrutene. Kontrakten har en verdi på om lag 25 millioner britiske pund, eller rundt 280 millioner kroner.

 

Kleven verft får milliardkontrakt med Hurtigruten

Statsminister Erna Solberg var på plass da Kleven og Hurtigrute signerte ny kontrakt.

Båtane er utstyrt med utenbords dieselmotorar og vil ha ein kapasitet på 23 personar.

Ekspedisjonsleiar Karin Strand i Hurtigruten fortel at reiarlaget sitt ønskje om båtar med dieselmotor, la føringar for val av leverandør.

– Vi måtte sjå etter ein aktør som kunne produsere ein båt som kunne passe til den relativt tunge motoren som vi skulle ha. Den skulle også vere fleksibel nok til å lande i fjøra med den, og då enda vi på Hatløy Maritime. Dei hadde fleksibiliteten vi trengde og gav oss spelerom til å lage båten så nær opptil ønskja våre som muleg, forklarar ho.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Relaterte saker: