Ei ekstraordinær generalforsamling i Rem Offshore vil etter alle døme seie ja til å fusjonere med Solstad Offshore måndag føremiddag klokka ti. Vedtaket er det siste formelle grepet før samanslåinga med reiarlaget frå Karmøy er eit faktum.

Åge Remøy fortel at han etterpå vil fire Rem-flagget «som ei symbolsk handling». Reiarlaget som han har bygd opp på grunnlag av fiskeriverksemd sidan 1996, vil då vere ein del av Solstad.

Reiaren vil etter det smp.no forstår, samstundes lette på sløret om planene for det nystarta investeringsselskapet In Nord Vest AS.

Pressa til fusjon

Ifølgje avtalen med Solstad skal verksemda i Fosnavåg i stor grad halde fram, og PSV-flåten skal driftast frå Sunnmøre.

Åge Remøy har vore kritisk til korleis Solstad gjekk fram for å kapre selskapet, og omtala det som eit «bakhaldsangrep».

Etter at Rem i sommar la ei kriseløysing på bordet, kom det for ein dag at Solstad-partnar Kjell Inge Røkke gjennom Aker hadde kjøpt seg opp i eit obligasjonslån, og kunne blokkere planen.

For å seie ja, sette Aker eit krav om at Rem skulle fusjonere med Solstad, og Åge Remøy såg ikkje noko anna val enn å godta fusjon. Rem-direktør Arild Myrvoll opplyste nyleg at han sluttar i selskapet etter generalforsamlinga.