Ulstein-gruppa annonserte onsdag at dei har inngått ein intensjonsavtale om å bygge et eller fleire ekspedisjonsskip med med X-Bow. Avtalen er med ein ikkje namngitt kunde i cruisemarknaden.

Skipet skal - om avtalen blir endeleg stadfesta - byggast ved Ulstein verft. Det blir i tilfelle det første av denne typen skip som blir bygd ved verftet.

Les også: Vard og Havyard i finalen om å bygge nye Fjord1-ferjer (krever abonnement)

Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group påpeiker i pressemeldinga at dei har jobba målretta for å kapre denne marknaden for ekspedisjonscruise, og at dei no ser fruktene av innsatsen.

– Denne intensjonsavtalen viser at vi er i ferd med å stadfeste posisjonen vår i denne marknaden. Vi er veldig glade for å ha blitt valt som partnar i dette spennande prosjektet, og vi ser fram til å gjere dette prosjektet om til verkelegheit, seier Gunvor Ulstein i en kommentar.

Skipa av designtypen CX104 er 120 meter lange og vil ha baugforma X-Bow, ifølgje ei pressemelding frå konsernet.

(saka held fram under)

Design-kontrakt

Tidlegare i veka stadfesta Ulstein at dei hadde sikra seg ein jobb med design av cruiseskip i same marknad.  Det gjeld også ekspedisjonsskip med X-Bow.

Intensjonsavtalen med Florida-baserte Sunstone - som opprinneleg gjekk ut på fire design- og utstyrspakker - krympa inn til å gjelde eitt skip. Til gjengjeld inneheld den opsjonar på ni nye skip, og kan difor vere verdt langt meir for konsernet på sikt.

Dette er skipet er 104 meter langt og skal byggjast ved det kinesiske verftet China Merchants Heavy Industry.

Cruiseselskapet Aurora Expeditions har på sine heimesider nyleg annonsert at dei skal tilby turar med X-Bow-skipet til Antarktis frå 2019-2020-sesongen.