Sande-bedrifta Stadt AS leverte i fjor eit overskott før skatt på 4,4 millionar av ein omsetnad på drygt 31 millionar. Lønnsemda har ikkje vore betre sidan 2015, men inntektene har gått ned. Administrerande direktør Hallvard Slettevoll erkjenner at det er ein tøff marknad.

– Det er heilt klart kamp om jobbane og fleire i vår marknad har fått problem eller lagt ned. Men vi meiner at vi har vore flinke til å jobbe effektivt og ha fornuftige kontraktar, samstundes som vi er kome inn på nye marknader, fortel han.

Stor militær-kontrakt

Ein stor kontrakt med Saab på utstyr til eit skip til det svenske forsvaret, er mellom dei viktigaste årsakene til resultatet.

– Det er ein betydeleg kontrakt, men vi kan ikkje seie så mykje meir enn at det skal om bord i eit militært skip, fortel Slettevoll.

Avtalen gjeld eit elektrisk framdriftssystem, som skal fungere støyfritt og er spesialutvikla til forsvarsbruk. Stadt har spesialisert seg på slik teknologi, i tillegg til tavlesystem og systemintegrasjon på skip.

«Problemnaust» reve

Ei god nyheit for Gjerdsvika-bedrifta, er at eit omstridt og falleferdig naust framfor Stadt-bygget, no er historie. Sunnmørsposten har tidlegare omtala korleis strid om naustet for nokre år tilbake stakk kjeppar i hjula for samarbeid mellom Stadt og Rolls-Royce Marine.

I dag er Slettevoll meir oppteken av årsaka til at naustet er vekke. Rivinga som kommunen nyleg stod for, skjedde i samband med at Kystverket førebur storstilt opprusting av hamna i bygda.

– Vi er glade for at hamneprosjektet er i gong og om ei vekes tid kjem Kystverket hit med eit heilt team som skal starte arbeidet, seier han.

(saka held fram under)

Spent på Kystvakt-jobb

No vil Stadt styrke seg internasjonalt med å tilsette ny salssjef for eksport. Framover trur Slettevoll på betring i offshoremarknaden, samstundes som det er god aktivitet i havbruk. Eit prosjekt han er spesielt spent på, er utfallet av leveransar til dei nye kystvaktskipa Vard skal bygge.

– Vi har sjølvsagt eit håp om å få vere med og meiner vi har rette teknologien. Med våre system kan ein kombinere diesel, LNG, batteri og brenselceller i eit og spare seks prosent utslepp samanlikna med konkurrentane, argumenterer han.