Det var ein dag for glede og letnad for dei tilsette ved Ulstein Verft onsdag. Dagen føre vart det kjent at verftet hadde sikra seg kontrakt på to nye skip med det tyske gigantreiarlaget Bernhard Schulte.Dei tilsette samla seg difor til feiring i kantina i Ulsteinvik med kake, då dei vart fortald detaljane i avtalen.

Det er fleire ting som gjer kontrakta spesiell:

Les også: Sjekk den hekken

– Uslåeleg kombinasjon

Verftsdirektør Kristian Sætre påpeika at det er eit prestisjefylt oppdrag då han snakka om bakgrunnen for at Ulstein vart valt for jobben.

– Det gjelder spesielt at vi leverar til rett tid. Også veit dei at kvaliteten som leverast herifrå er fyrsteklasses. Det er ein uslåeleg kombinasjonen, sa Sætre - før han la til:

– Så er det berre å få ned kostnadane i tillegg. Det skal vi jobbe vidare med, sa han til dei tilsette.

Gjer som fleire enn 20.000 andre - lik smp.no Facebook

Treng meir jobb

For det er liten tvil om at kontraktane var etterlengta. Før dei siste avtalene hadde verftet siste skip i ordreboka til levering i slutten av dette året.

Og framleis har dei behov for meir jobb for å sikre jobb til alle dei om lag 450 tilsette både ved verftet og Ulstein Elektro Installasjon.

Dei to nye skipa skal leverast sommaren 2016 og starten av 2017. Dei første delane kjem fyrst til Norge til hausten, noko som betyr at det meste av arbeidet med skipa skal gjerast til neste år.

– Det vil seie at vi må ha fleire kontraktar for å fylle opp i år, understreka Sætre.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Tilsette håper på fleire kontraktar

Klubbleiar for Fellesforbundet, Bjarne Pettersen, og kollegaene hans er fullstendig klar over at dei har utfordringar i vente.

– Vi håpar det er vil kome på plass eit eller anna som kan aktivisere oss i den perioden seinare i år. Vi håpar og trur at det vil kome i orden, fortel han til smp.no.

Men han gleda seg naturleg nok over dei siste kontraktane.

– Det er klart dette er kjærkoment, og vi har gått å venta lenge. Det er ikkje matnyttig for oss akkurat her og nå. Vi er framleis i ein vanskeleg situasjon, men sett litt på sikt er dette heilt perfekt, seier Pettersen.

Ulstein-trio med diploma som markerar sal avX-Bow-design nummer 100. Frå venstre: Salsansvarleg Kolbjørn Moldskred for offshore vind i Ulstein Design & Solutions, verftsdirektør Kristian Sætre og ny salsjef ved verftet, Trond Bø. Foto: Marius Rosbach
Skipa som det tyske reiarlaget har bestilt, skal gjere servicearbeid på vindmøller som Siemens bygger utanfor kysten av Nederland og Tyskland.