Oppdatering måndag: Ved 17.15-tida var slepebåten «Borg Parat» i ferd med å ta over slepet av fiskebåten. Det opplyser selskapet Borg Maritime til Sunnmørsposten.

Fiskebåten «Harhaug 1» med 22 personer om bord mista framdrift og straum i Barentshavet etter ein brann fredag, melder Fiskeribladet.no.

Ingen skal ha blitt skadd i brannen, som skal ha starta då båten låg aust for Bjørnøya.

Mannskapet skal ha klart å sløkke sjølv, og ein annan båt skal ha starta slep inn mot land, før Kystvakta tok over, ifølgje avisa.

Nærmar seg kysten

Den sivile slepebåten «Borg Parat» skulle ta over slepet natt til måndag, men ifølgje Fiskeribladet var vêret dårleg, og dei måtte vente med å slepe båten vidare.

– Kystvakta sleper båten no, men så fort vêret tillèt det så tar vi over slepet, sa reiar og skipper Lars Jensen på «Borg Parat» til Sunnmørsposten, på satellittelefon frå Barentshavet.

Like før klokka 13 måndag opplyser han at dei begynner å nærme seg kysten, og at dei er om lag 70 nautiske mil utanfor Honningsvåg.

Mannskapet på 22 er framleis om bord. Jensen fortel at dei er blitt godt tekne vare på. Ute er det tett snøvêr.

Fekk straum og varme

Om bord på kystvaktskipet KV «Nordkapp» fortel vaktsjef Torbjørn Faksen at dei starta slepet av «Harhaug 1» i tretida søndag.

– Vi overførte eit aggregat med varmevifte til båten, så dei har fått straum og varme. Og i går fekk dei kaffi og varm mat. Dei har det bra, men det er jo ikkje noko særleg utan straum, seier Faksen, som er frå Tomrefjord.

– Det var dårleg vêr i går, men sjøen har roa seg no, fortel han.

«Harhaug» er bygd i 1998 og heimehøyrande på Vatne. Her er båten under slep i Barentshavet måndag. Foto: KV «Nordkapp»

Planen er at slepebåten «Borg Parat» skal ta over og ta båten til Tromsø, og Jensen på slepebåten reknar med dei vil vere framme der onsdag morgon.

«Harhaug 1» er eigd av selskapet Grytafjord AS på Vatne.