– Det blir ganske hektiske dagar framover. Ved dei to bedriftene vi eig i Estland blir det no mykje overtid for å få unna alt saman, seier dagleg leiar Joakim Helland.

Møbelbedrifta flytta tidlegare i år all produksjon til Estland, men har administrasjonen i Stordal. Helland fortel at ordren til det amerikanske sjukehuset i Istanbul er stor for bedrifta.

13 sjukeheimar

Og så har dei altså fått ein storordre i Norge. Det er Oslo kommune som skal ha nye møblar til 13 sjukeheimar.

– Mellom anna er det her snakk om heile 750 spisestovestolar. Men vi skal også levere kvilestolar og anna møblement til opphaldsrom. Så dette er ein betydeleg ordre. Og dei valde oss mellom anna fordi vi kan levere raskt, legg Helland til.

Helland Møbler skal nemleg levere alle møblane allereie til jul.

(meir å lese under bilde)

LEIAR Joakim Helland er dagleg leiar for Helland Møbler AS i Stordal.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook

Joakim Helland seier at ordren er ein viktig referanse for bedrifta, som har spesialisert seg innanfor helsemarknaden.

Helland Møbler AS kjem til å få eit godt år i år, fortel Helland.

Nyheiter og oppkjøp

Helland seier at bedrifta har fleire nyheiter som dei skal presentere på Stockholmsmessa neste år.

Det var tidleg i år at Helland Møbler bestemte seg for å flytte all produksjon til utlandet. Då hadde dei ei tid allereie hatt ein stadig aukande delproduksjon i aust.

I sommar kjøpte også Helland Møbler si eiga treverksbedrift med 49 tilsette i Estland. Bedrifta har fått namnet til Helland Baltic.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Denne bedrifta hadde vore i svensk eige sidan starten i 1991. Men så ville den svenske eigaren ut av møbelbransjen, og Helland i Stordal fekk tilbod å om kjøpe.

Dermed har dei no to bedrifter med 60 tilsette i Estland. I Stordal har Helland Møbler ca. 15 tilsette som driv med sal, administrasjon og produktutvikling.