Etter gigantrømminga i Volda i september 2022, har både naturvernarar og fiskarar kravd stans i nytt torskeoppdrett.

Næringsaktørane sjølv er stolte over å skape distriktsarbeidsplassar og levere etterspurt mat: altså gi Norge eit nytt bein å stå på.

Trude Nordal i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda møter Rune Eriksen, leiar for Torskenettverket til debatt.

Trude Nordal er styremedlem i Naturvernforbundets lokallag i Ørsta og Volda. Foto: Lene Flataker
Rune Eriksen leiar det nasjonale nettverket for torskeoppdrettarar. Det kan nemnast at han i fleire år jobba for Norcod, eit torskeoppdrettsselskap der mellom anna Halsebakk-familien (Sølvtrans) har investert. Foto: Vesterålen Havbruk AS

Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.

Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.

Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.

Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.