Avtalen med bankane er betinga av obligasjonseigarane si godkjenning, opplyser Havila i ei børsmelding. Havila har mellom anna eit usikra obligasjonslån på 500 millionar kroner som forfell i august.

Les også: Obligasjonseierne er joker i finansplan

Avtalen er også betinga av tilførsel av minimum 200 millioner kroner i ny eigenkapital, melder Havila Shipiping.

Vil nedskrive aksjane kraftig

Styret foreslår samtidig at aksjane sin pålydande verdi blir nedskriven til så lavt som 0,50 kroner per aksje. Pålydande verdi er i dag 12,50 kroner. Kort tid etter at Havila sende ut børsmeldinga, fall aksjeverdien på Oslo Børs raskt frå 3 kroner, og var nede på 2,20 klokka 11.30.

Tysdag morgon vart det også kjend at Havila har mista ein langsiktig kontrakt i Brasil for supplyskipet Havila Princess. Det er det statlege selskapet Petrobras som har avslutta kontrakten, til fordel for båtar under brasiliansk flagg.

Sævik-familien vil teikne nye aksjar

Avtalen med bankane er betinga av at obligasjonseigarane går med på tilsvarande endringar innan 31. januar. Det er også krav om minimum 200 millionar kroner i ny eigenkapital innan 15. mars.

Dersom obligasjonseigarane ikkje skulle gå med på avtalen, vil Havila likevel søke å utvide aksjekapitalen med 200 millionar kroner. Styret foreslår at aksjane sin pålydande verdi blir nedskriven til 0,50 kroner per aksje. Pålydande verdi er i dag 12,50 kroner.  Dette kjem opp i ekstraordinær generalforsamling 26. januar.

– Dette vil innebere ei betydeleg utvatning av selskapets eksisterande eigarar som ikkje deltar i emisjonen, skriv Havila i pressemeldinga. – Etter å ha vurdert andre alternativ, er selskapets styre likevel av den oppfatning at slik forskjellsbehandling vil vere sakleg i selskapets finansielle situasjon, gitt rådande marknadsforhold, betingelsane for den avtalte refinansieringa og selskapets behov for fleksibilitet i arbeidet med å sikre ytterlegare eigenkapital, skriv selskapet.

Les også: Dette gjør rederiene for å få det beste ut av 2016