Opningstalen vart servert av den interkulturelle eksperten Pellegrino Riccardi.

Han er årets moderator, og opna den to dagar lange innovasjons-festivalen med ord om korleis vi kan lære av andre kulturar, og korleis vi kommuniserer på ulike måtar.

– I dag handlar det om det nye. Korleis vi kommuniserer og oppfattar verda. Vi deler ikkje dei same verdiane, men vi kan lære av kvarandre, og få nye idear om korleis gjere ting på andre måtar.

Japansk dans

Japanske Kazz (33) opna sjølve festivalen med eit fyrverkeri av ein danse-opptreden. Kazz er ein av sju artistar i gruppa «enra», som reiser rundt heile verda med si blanding av dans og animert videografikk.

– Vi i gruppa var opptatt av å finne eit heilt nytt uttrykk, og ved å kombinere det digitale og det fysiske på denne måten, har vi skapt ein innovasjon i danseindustrien, seier Kazz.

Han har sjølv bakgrunn frå streetdance og house, og seier han stadig lærer nye element av dans no som dei reiser rundt i verda og opptrer.

Fiskesuppe

I morgon, torsdag får vi sjå partnaren Yusako opptre med gjøgling.

– Vi stortrivst her i Ålesund og har allereie spist fiskesuppe to gongar. Det var kjempegodt, seier Yusako.

Vidare på programmet onsdag får deltakarane høyre designaren Richard Seymour, grunnleggar av restaurant Noma i Danmark Rene Redzepi, tenåringsinnovatør Jack Andraka, og eventyrar Mark Pollock.