Fire av dei seks PSV-ane til Ulsteinvik-baserte World Wide Supply er utan inntekter, etter at Petrobras i august kansellerte langsiktige leigeavtalar for to av skipa.

Likviditeten til selskapet har i haust vore under 7,5 millionar dollar. Dermed driv selskapet i strid med avtalen som vart inngått då dei tok opp eit obligasjonslån på 150 millionar dollar.

Selskapet ber no långjevar om krisehjelp. Ein måte å redusere gjelda på er å be obligasjonseigarane gjere om gjeld til eigenkapital, skriv Dagens Næringsliv.

Reiarlaget meiner at dei har uteståande fire millionar dollar hos Petrobras, men skal ikkje ha fått svar frå brasilianarane i denne saka. Også dei to siste båtane til reiarlaget arbeider for Petrobras.

Etter årets ni første månader er underskotet 20,2 millionar dollar, ifølgje avisa.