Møre og Romsdal fylkeskommune:

Jon Aasen åtvarar mot høgt fråvær på fylkestinget

Fylkesordførar Jon Aasen meiner fråværet i fylkespolitikken er for høgt. I enkelte utval er det fravær på oppmot 25 prosent.

Demokrati: For enkelte fylkeskommunale utval er det snakk om fråvær på opp mot 25 prosent. Det uroar fylkesordførar Jon Aasen. Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal er ei av dei med verv både på kommunalt-, fylkes- og nasjonalt nivå. Noko som gjer at ho også er ein av dei med høgst fråvær. Arkivfoto: Nils Harald Ånstad  Foto: Nils Harald Ånstad

Viss ein ikkje er topp motivert, og ein mykje anna å gjere, er det mange andre som vil ha plassen

Jon Aasen
Nyheter

På siste møte i Fylkestinget før sommaren åtvara fylkesordførar Jon Aasen (Ap) mot det han meinte var for høgt fråvær blant fylkespolitikarane. «Dette må ikkje få flyte ut», oppmoda han.