Og for nokre så gjekk ikkje dette heilt etter planen. Laurdag ettermiddag fekk Rune Sæbønes, redaktør i Møre Nytt,melding om at abonnentane på Urke, Bjørke og Skår ikkje hadde fått laurdagsavisa.

Slik fekk abonnentane levert Møre Nytt og Sunnmørsposten, om enn ein dag for seint.

– Eg synest det er viktig etter ei så stor omlegging å vise at vi tek vare på abonnentane vår. Dei var blide og glade for at dei fekk avisa i dag, men samstundes uroa for om dei vil få levert avisene på laurdagar framover.

– Så for oss kom dette overraskande, seier han.

Det var ikkje verste dagen å vere på sjøen, sjølv om det var kaldt. – Det var ein nydeleg dag, men ein må kle seg godt, seier Sæbønes. Foto: Privat