Dei to kabelvognene som skal frakte passasjerar i gondolbana Hoven Loen er no hekta på kabelen.
1001 meter
Hovenbana i Loen skal ta turistar til toppstasjonen på 1001 meters høgde i løpet av seks-sju minutt.
Gondolbana er ei av dei brattaste i sitt slag, og bana og restauranten på toppen skal vere ferdig til turistsesongen startar i mai 2017.
Tur- og skiområde
Då skal også turistar på sykkel eller til fots kunne ta seg vidare i eit nettverk av stiar på toppen mellom Loen og Stryn. Om vinteren blir det tilrettelagt for at skikøyrarar kan gå frå gondolen og få tilgang til 1000 meter nedkøyring.