Siste innspurt for Loen Skylift - med prislapp på 300 millionar:

Meir enn to av tre kroner går til lokale bedrifter

Arbeidet med å byggje gondolbana i Stryn er snart ferdig. Av prisen på kring 300 millionar kroner endar minst 200 millionar i lommene på lokale bedrifter.

Lokalt Gunnar Engeseth (t.v.) og Christer Øyre frå Ørsta er to av dei som bidreg til Hoven-prosjektet i Loen. Dei har jobben med å legge ut ei 80 meter lang flytebrygge levert av Vik Ørsta ved fjordstasjonen, men får vere med ein prøvetur opp i høgda. Dei er begeistra både over utsikta og bana.  Foto: Nils-Harald Ånstad

Nyheter

Fjord Norge trur gondolbane kan bli Norges fremste turistattraksjon:

Heis til himmels

  – Dette er eit stort oppdrag og ein kjempeartig jobb for vår del, fortel Inge Løseth innimellom arbeidsoppgåvene med å få på plass innreiinga i den spektakulære restauranten som snart opnar på kring tusen meters høgde i Loen.

Han er dagleg leiar i det vesle familieeigde Sykkylven-firmaet Confurn, som har fått oppdraget med å levere alt av møblar og interiør.