10 grunneigarar får erstatning – vegprosjektet tar rekninga

Den halvanna år lange striden mellom Ørskog kommune og Vegvesenet er avslutta. Grunneigarar på Giskemo får 120 kroner kvadratmeteren som erstatning for sykkelveg. Og kommunen slepp å betale.

Gangvegen over Giskemo i Ørskog blir no forlenga med to kilometer.  Foto: Nikolas Birkevold Farstad

Nyheter

På Giskemo blir eksisterande gang- og sykkelveg forlenga med to kilometer. Statens vegvesen har ofte kome med eit tilbod på 18 til 20 kr pr. m² i slike prosjekt. Skjønnsretten meinte noko anna: 120 kroner kvadratmeteren er rett erstatning fordi det kan bli aktuelt med jordbærproduksjon i dette området i framtida.