Nei, det er ingen aprilspøk: Turistferja tek til å gå allereie 1. april

Turistane kjem ikkje lenger berre om sommaren

Ferja mellom Hellesylt og Geiranger skal begynne å gå ein månad tidlegare enn før. Turistane kjem ikkje lenger berre om sommaren.

FOTOMOTIV: Bilferja «Veøy» nærmar seg fossefallet «Dei sju søstrer», og turistane stiller inn kamera.  

Nyheter

– No er det berre drygt tre veker til vi er i gang. 1. april startar ruta mellom Hellesylt og Geiranger. Det er ein månad tidlegare enn i fjor.