Styreleiaren i Mørenot: – Ei klassisk gründerbedrift

Svært mange har opp gjennom åra hatt arbeidsplassane sine i ulike Mørenot-selskap.

Hovudkontoret til Mørenot ligg i Søvika i Haram - og det skal det også gjere i framtida.   Foto: Marius Rosbach

Nyheter

FSN Capital blir ny eigar av Mørenot-konsernet: Vil bli ein global kjempe

Fleire enn 30 seriøse friarar ville kjøpe Mørenot, men det var eit investeringsfond frå Oslo som fekk tilslaget. No er planen å bli ein stor global aktør.

Bedrifta har ei årrekkje forsynt fiskeflåten med reiskap. Etter kvart har nøter, eller merdar til oppdrettsnæringa blitt eit stort forretningsområde, samstundes som konsernet har levert til seismikk.

– Dette er ei klassisk gründerbedrift i tredje generasjon som har hatt sitt utspring i nærområdet her i Haram. Etter kvart som selskapet har kjøpt opp andre, har dei hatt stor betyding både for kundar, sysselsetting og busetnad langs kysten, seier styreleiar Sveinung Flem.