I fjor selde GRS Riflestocks AS i Hornindal geværkolbar for 24 millionar kroner. Dei skal selje for endå meir i år. Det veit Oscar Haugen, medeigar og dagleg leiar, som stadig besøker forhandlarar verda over.

– I fjor var eg i 14 ulike land. Men berre i USA var eg fem gonger. Eg veit ikkje kor mange reisedøgn eg har i året. 130 kanskje, eller er det 160?

GRS Riflestocks har no 46 forhandlarar fordelt på alle fem verdsdelane. 96 prosent av det dei lagar går til utlandet. USA er den største marknaden. Og både der og i mange andre land er det mykje meir å gå på.

– I fjor var eg til dømes først ni dagar i Australia. Så var eg så vidt heimom i Norge nokre timar, slik at kona mi kunne kome med reine klede til meg på Vigra – før eg drog vidare til USA på messe i åtte dagar. Kom heim att og pakka om, og reiste neste dag til Kina. Der var eg i ti dagar.

– Det høyrest frykteleg slitsamt ut?

Starta med møblar

Men korleis har det seg at ei bedrift i Hornindal vart produsent til våpenleverandørar. For det starta med møblar.

Foreldra til Oscar, Anne-Lise og Oddvin Haugen, starta i 1983 Grodås Møbler AS – seinare Grodås Mønsterteknologi AS.

Dei leverte trekomponentar til møbelbedrifter på Sunnmøre og i Nordfjord. Dei var til og med underleverandør til ei gigantisk lysekrone i Operaen i Oslo.

Men etter kvart kom det til eit ubønnhøyrleg skifte:

– Vi måtte ta grep og finne på noko anna. Hadde vi halde fram i møbelbransjen, hadde det vore slutt for oss no, seier Oscar Haugen.

Han eig firmaet saman med broren Håvard og faren Oddvin.

Grodås Mønsterteknologi hadde mellom anna laga skjefte til skiskyttarvåpen. I tillegg var Oscar ein ivrig jeger, og han hadde vore skarpskyttar i Forsvaret – med løytnants grad.

Han visste at det var ein stor marknad der ute. Og at det var ein nisje for nettopp slike produkt som dei planla: justerbare geværkolbar – kombinert med ergonomi laga til ulike skytenisjer.

– Håvard er ekstremt god på produktutvikling, eg er flink på sal og merkevarebygging.

Slik fordelar dei to brørne ansvaret. I fjor fekk dei også inn frisk kapital og kompetanse, gjennom investeringsselskapet Novela i Ålesund.

Ålesundarane eig no 39,8 prosent av aksjane, dei tre Haugen-karane kontrollerer 60,2 prosent.

– Vi kunne ha fått inn andre medeigarar. Ja, vi kunne ha seld heile bedrifta. Det har vore fleire beilarar. Men vi såg dette som den beste løysinga. Novela hadde den kompetansen vi var ute etter.

Kapitalen frå Novela gjorde at dei kunne dempe vekstsmertene.

Tunge investeringar

Å investere i nye, avanserte maskiner har nemleg kosta dei mange millionar kroner.

Både til maskinkjøp og kompetanseheving gjennom internasjonale kurs har dei fått god hjelp frå Innovasjon Norge. Å gjere seg synlege ute i verda, er heller ikkje gratis.

– Kva må til for å bli lagt merke til? Det er vel andre i marknaden også?

– For det første må vi ha gode produkt. Og så satsar vi mykje på å vere lette å finne på nettet. Vi er også på dei største, internasjonale messene. Dessutan har vi klart å få til eit godt samarbeid med fleire våpenprodusentar. Og så satsar vi på mangfald. No har vi om lag 1700 ulike produkt.

Alle verdas fargar

Dei lagar geværkolbane sine i alle verdas fargar – både i tre og i kompositt. Det siste blir stadig meir vanleg. Fordi kompositt blir rekna som lettare og sterkare enn laminatkolbar av bjørk.

Sjølv om GRS har skog rundt seg, så kjøper dei bjørka frå utlandet. Kvar, vil dei ikkje seie. Konkurrentane skal ikkje få noko gratis.

Industrispionasje brer om seg, så Hornindal-bedrifta forsøker å vere så forsiktig som mogeleg.

Det er difor ikkje alt ein får fotografere inne i bedrifta, dei vil ikkje fortelje kor mange geværkolbar dei sel – og dei tilsette må skrive under på at dei har tausheitsplikt.

For bedrifta har planane klare for nye produkt heilt fram til 2022.

Og dette er inntil vidare opplysningar som dei held for seg sjølv innanfor dei fire veggane.

– Sist eg talde opp var det 278 andre bedrifter i same marknaden. Nokre av dei er 20 gonger så store som oss. Men det er ikkje så mange av dei som gjer det same som vi gjer.

Før var Oscar Haugen ein aktiv jeger. No blir det mindre tid til å gå på jakt. Inne på pauserommet står det fleire trofear, mellom anna ei utstoppa antilope som han skaut i Sør-Afrika.

Fleire av dei tilsette går også på jakt. Og alle er med når det er dei årlege skytekonkurransane i bedrifta.

– Vinn du?

– Ja, av og til. Når eg deltek, seier Oscar Haugen og ler godt.

– Men det er andre flinke skyttarar her, også, legg han kjapt til.

Hornindal er ikkje akkurat verdas navle, og ligg langt unna marknaden i USA. Haugen synest det berre er bra:

– Vi ligg jo midt i smørauget når vi har kundebesøk. Då kan vi ta dei med til både Hoven i Loen og til Geiranger. Begge delar ligg jo rett ved sidan av her. Då får dei sjå noko heilt spesielt. Han legg til at dei har heller ingen problem med å rekruttere dyktige arbeidsfolk. I dag er det 24 tilsette, to av dei i Tyskland og USA.

Det kjem dessutan til å bli fleire, også i Hornindal. Etter at Kvivsvegen kom utvida dessutan arbeidsmarknaden seg.

– I dag har vi ein særs stabil arbeidsstokk. Det betyr at alle veit kva dei skal gjere, og vi treng ikkje å drive med opplæring heile tida.

– Dessutan synest eg det er godt å kome heim til rolege Hornindal i blant, etter travle dagar ute i verda. Her slappar eg godt av.

Det kan Oscar Haugen trenge. For snart står nye, lange flyturar for tur.

– I slutten av april skal eg igjen til USA. Eg kjem heim berre to dagar før konfirmasjonshelga. Det er ikkje like populært, smiler han litt forsiktig.