GRS Riflestock frå Hornindal blei fredag kåra til  «Årets Gründer 2015» av Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Framtidsfylket, ifølgje ei pressemelding.

Juryen og publikum var heilt samstemde, og begge hadde bedrifta som sin favoritt. GRS Riflestocks har også mobilisert kundane sine over heile verda, og verksemda mottok stemmer frå over 30 land.

Bedrifta lagar ergonomisk tilpassa geværskjefte, og kan sjå tilbake på ein eventyrleg vekst dei siste fire åra. Prisen er på 100.000 kroner.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no