Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord har sett på vêrmeldinga for 3. mai og trur dette blir ein flott dag å vise fram Skodje for heile landet. Og skulle det likevel bli regn, går det an å søke tilflukt i paviljongen i det populære turområdet.

– Engasjementet som er både her i Skodje og andre stader i området var nok litt av grunnen til at dei valde oss. Det er mange som har tatt eigne initiativ.

– Og så er det veldig fint her, seier Tennfjord, kanskje ikkje heilt habil sidan han bur like ved.

Ryddedag i heile fylket

Dette kjem samtidig til å bli ryddedag både i Skodje og mange andre stader i fylket.

– Det er mange i heile Møre og Romsdal som har meldt seg med eigne ryddeaksjonar den dagen, så det er kjempegøy. Responsen har vore veldig stor, ifølgje Charlotte Ervik i NRK.

Møre og Romsdal vart valt av fleire grunnar, blant anna fordi distriktet har eit stort engasjement for plast, miljø og livet i havet, opplyser distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy, til Sunnmørsposten.

Det er få dagar sidan Skodje-ordføraren var med på ei synfaring og lovde å legge til rette. Rydding av kvist og kvast i Murvika er allereie i gang.

– Dette er ei lita kommune, der det går raskt å snu seg og bestemme seg. Det er ei evne vi må ta med oss inn i den nye Ålesund kommune, seier ein stolt ordførar.

Skodjestraumen er dumpeplass

Også dei gamle steinbruene i Skodjestraumen kjem på skjermen når to dykkarar i løpet av direktesendinga skal undersøke sjøbotnen der for skrot.