Minnast deportert student med stein

Utanfor tidlegare Volda handelsgymnas kjem snart ein minnestein for den jødiske studenten Abraham Bernhard Mahler som vart deportert hausten 1942.
Nyheter

Torsdag 7. juni skal det leggast ned ein såkalla snublestein til minne om Abraham Bernhard Mahler. i Volda sentrum. Det er ein brustein dekka med messing, som vert plassert i fortauet med namn og opplysningar om jødar som vart sende til tyske utryddingsleirar.