Kleven-konsernsjefen nektar for at ekspedisjonsskipet er for tungt:

- Dette er rett og slett heilt feil

Både Karsten Sævik, styreleiar Leif Teksum og Rolls-Royce reagerer på framstillinga av saka i Dagens Næringsliv.

DIREKTØR: Karsten Sævik i Kleven verft. 

Nyheter

Kleven på jakt etter friske pengar - yachtprosjekt gjekk i vasken

Verftskonsernet Kleven er på jakt etter friske pengar, mindre enn eitt år etter førre redningsaksjon. Samstundes er eit yachtprosjekt kansellert.

vikebladet.no Vikebladet Vestposten kunne tysdag fortelje at også det andre ekspedisjonsskipet Kleven byggjer for Hurtigruten har fått utsett levering. I samme artikkel kom det også fram at det den siste tida har versert rykter om at ein grunna vektproblem har vore nøydd til å gjere store modifikasjonar på MS "Roald Amundsen", ved å byte ut stålet i dei to øvste etasjane med aluminiu slo dette opp på framsida si i dag, og det får Kleven til å reagere sterkt.

- Skipet er ikkje for tungt. Det har ikkje «vektproblem». Det finnast inga «vekttabbe». Skipet skal ikkje byggast om. Vi skal ikkje «fjerne éi eller to etasjar på toppen». Vi skal ikkje erstatte stål med aluminium, seier Kleven sin konsernsjef, Karsten Sævik, til Vikebladet Vestposten.