– Vi ankar fordi vi meiner dommen er feil og fordi dommarfullmektigen ikkje har vektlagt den profesjonelle kjøpar sitt ansvar i saka, opplyser advokat Odd Arne Nilsen.

I dommen er det lagt vekt på at seljar si opplysningsplikt ved ein eigedom går føre kjøpar si undersøkingsplikt.

Vidare seier Nilsen at det omtvista brevet som kommunen sende når dei ikkje fekk kjøpe eigedommen utan konkurranse, var såpass spesielt at sanitetsdamene ikkje kunne legge det fram for dei som var interessert i eigedomen. Dette meiner dei Søre Sunnmøre tingrett ikkje har teke omsyn til.