Tysdag dreiv Sykkylven brannvesen ettersløkking etter brannen som gjorde at folk blei bedne om å halde seg unna og lukke vindauga sine.

Sidan brannane i 2015 har Fylkesmannen følgt bedrifta tett. I 2015 konkluderte Fylkesmannen med at avfallsmengda oversteig anlegget sin kapasitet til forsvarleg handtering. Då vurderte dei å stanse mottak av avfall til anlegget. I det siste tilsynet vart det avdekka to avvik. Det eine gjeld restar av treverk som er lagra på kommunal eigedom i nærleiken av eigedommen til Miljøkvalitet AS.

– Vi har følgt dei tett i samband med opphopinga av avfall. Dette treverket var siste rest av det avfallet, seier Anne Melbø, fagansvarleg for forureining hos Fylkesmannen.

Mest alvorleg

I tilsynet i slutten av juni vart det òg funne avvik i samband med bedrifta sitt internkontrollsystem.

– Det kan vere det mest alvorlege avviket i forhold til brannen. Det har vore brann der fleire gonger og då er det viktig å få på plass dette, slik at det har eit godt system for å kartlegge farar og gjere risikovurderingar for å finne tiltak som hindrar at brannar skjer, seier Melbø.

– Kva tenker du om at det brenn ved anlegget igjen?

– Det brenn stadig vekk ved anlegg over heile landet. Det er svært uheldig. Det er vanskeleg å seie om det er uflaks eller om det er noko som kunne vore forhindra i dette tilfellet. Ein kan ikkje vite kva årsaka er, men ein veit at restavfall kan begynne å brenne av seg sjølv. Då handlar det ofte om at folk har putta ting i restavfallet som ikkje skal vere der, men det treng nødvendigvis ikkje vere slik, seier Melbø.

Ho seier at ho opplever at bedrifta tar avvika på alvor og forsøker å rette dei opp.

– Viss ikkje har vi verkemiddel vi vil bruke for å få dei til å rette avvika. Vi følgjer opp ved slike situasjonar, seier Melbø.

Miljøkvalitet As har systerbedrifter i Stryn og på Otta. Der har det òg vore avvik med internkontrollsystema. Melbø stadfestar at Fylkesmannen er i dialog med fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Oppland.

Olav Tenden, dagleg leiar i Miljøkvalitet AS og systerbedriftene, ville ikkje kommentere i denne saka.