Det er bedrifta Bonseye på Hellesylt som står bak det innovative prosjektet. Dei har mange ballar i lufta, der eitt av prosjekta deira er å køyre sightseeing-båtar innover verdsarvfjorden. No er dei i gang med å utvikle ein utsleppsfri, elektrisk båt til å frakte turistane i.

– Vi starta med båtar for to år sidan, fordi vi såg at det ikkje var noko særleg med maritime tilbod her på Hellesylt. Så bestemte vi oss etter kvart for at no skulle vi enten gi oss, eller satse, fortel Bente Bonsaksen. Og satsing blei det. Dei kjøpte ein ny båt, ein katamaran, som er ein smule spesiell i måten den fungerer på.

Lydlaust ut på fjorden

– Den er veldig energisparande på grunn av skroget. Vanlege skrog og store motorar krev ein viss mengde drivstoff for å sikre framdrift. Den vi har no har to kjøler og er ikkje som ein vanleg båt. Den brukar mykje mindre energi for å komme opp i plan, fortel Bonsaksen litt forenkla.

I februar var mannen hennar, Frank invitert på Grønn Fjord konferansen i Geiranger. Då gjekk tankane over på korleis ein kunne gjere båtane endå grønare.

– Kommunen jobbar hardt med saka, seier Bonsaksen.