Stortinget har vedtatt at skip og ferjer skal gå hundre prosent utsleppsfritt inn og ut av verdsarvfjordane innan 2026.

Miljøstifting meiner hamnefogden tar feil

Havila er eit av døma miljøstiftinga Zero peikar på, når dei forklarar kvifor utslippsfrie skip i fjordane er heilt realistisk.

Verdsarvfjord: Høyrer eksosskyer og verdsarvfjordar saman? Nei, meiner Stortinget. På UNESCO si verdsarvliste finn vi Geiranger- og Nærøyfjordområdet, nærare bestemt, Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og inste del av Tafjorden. Områda vart verna i 2005.   Foto: STAALE WATTØ

Nyheter

Stortinget har vedtatt at alle skip skal gå utslippsfritt inn i fjordarmar som er verna som verdsarvområde. Sidan cruiseskip i dag går på tungolje, i beste fall marin diesel, inneber dette eit radikalt teknologiskifte. Vedtaket trer i kraft så snart det er teknisk mogeleg, eller seinast innan 2026.