2016-rapporten konkluderte med at Nordøyvegen er god økonomi, og at prosjektet ikkje kjem til å ta pengar frå andre formål til fylket. Sidan då har både forventa utgifter og forventa inntekter i prosjektet auka. Derfor har Deloitte gjort nye utrekningar, fortel Glen Bradley i Sandøy-selskapet Rostein. Fredag hadde dei ein såkalla avsjekk på rapporten, som etter planen blir offentleggjort denne veka.

Den første rapporten var bestilt og betalt av selskapa Rostein og I.P. Huse. Denne gongen er det næringslivet i både Sandøy og Haram som står bak, fortel Bradley.

Skanska, som vann anbodskonkurransen, skal ha heile 3,0 milliardar kroner for å bygge Nordøyvegen.