Vil ruste opp Godøytunnelen for 360 millionar

Fylkesrådmannen foreslår at fylkeskommunen startar omfattande opprusting neste år.

Fuktig og utrygg Godøytunnelen trengt utbetring - og fylkesrådmannen vil ta heile rekninga med ein gong.   Foto: Eskild Flydal

Ålesund og omland

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik foreslår å bruke 360 millioner kroner til å ruste opp Godøytunnelen i samsvar med krava til tunnelsikkerheitsforskrifta.

Det går fram av sakspapira til møtet i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal 1. juni.

Usikkerheit om prisen

Dei siste åra er det avdekt av tunnelen på fylkesveg 658 mellom Giske og Godøy er i dårleg stand og fylkestinget har bedt om å få lagt fram ei sak om korleis situasjonen kan løysast.

Les også: Måtte ta ned totalt ti farlige plater

Geolog har undersøkt platene i Godøytunnelen

Fylkesrådmannen ønskjer at politikarane går for det dyraste alternativet som inneber ei full opprusting med ei anslagsvis byggetid på 18 månader. Det er i tråd med anbefalinga frå Statens vegvesen som er lagt ved saka - og som påpeiker at tunnelen uansett må tilfredstille desse krava innan 2025.

les saksframlegg og tilråding frå Statens vegvesen til høgre (under om du les på mobil)

Det er framleis stor usikkerheit om prisen for prosjektet, først og fremst knytta til gjennomføringstida. Øvre og nedre anslag er sett til høvesvis  400 og 328 millionar kroner.

Vil samkøyre med ålesundtunnelane

Fylkesrådmannen ber om at arbeidet blir starta opp i 2017, og at opprustinga vert samkøyrt med den planlagde opprustinga av Ellingsøy- og Valderøytunnelen på riksveg 658.

Sjekk interaktiv kart - tunnelar må oppgraderast til EU-krav (ekstern lenke)

Om denne løysinga blir valt, skisserer fylkesrådmannen at arbeidet kan gjennomførast med både dag- og nattarbeid med regelmessig kolonnekøyring mellom klokka 7 og 19 - i tillegg til enkelte kolonnar på nattetid. Ein vil óg vurdere å sette opp hurtigbåt.

Lause plater For to år sidan måtte fleire lause plater takast ned - etter at ein bilist fekk ei plate i bilen.  Foto: Dag Robert Wiik Berge

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

– Vesentleg ulempe

Det rimeligare alternativet er berekna å koste berre 33 millionar kroner. Denne løysingane vil vere eit minimumsalternativ som mellom anna ikkje vil gjere tunnelen mindre fuktig enn i dag. Dette arbeidet kan vere gjennomført i løpet av 60 dagar.

Fylkesrådmannen seier seg samd med vegvesenet at det vil vere til vesentleg ulempe for dei om lag 1100 innbyggjarane på øya, å gå for minimumsløysinga - for deretter å gjere ei full opprusting om få år.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Ålesund og omland