Herøy vasslag har sendt varsel om kokepåbod i ytre Herøy etter funn av ecoli-bakteriar i drikkevatnet.

- Det er tatt rutineprøver som viser over tillaten grenseverdi. Vi har varlsa over 6.000 personar på sms no, seier Roger Myklebusthaug, som er dagleg leiar i det private vassverket.

Ifølgje Myklebusthaug er det låge verdiar som er funne.

Vasslaget har stengd utløpsventilen slik at det ikkje blir distribuert bakteriehaldig vatn ut på nettet, og det er også sett i verk tiltak med dobbel UV-stråling. Myklebusthaug understrekar at dei har UV-stråling av vatnet til vanleg også, men no har dei sett i verk begge UV-anlegga som eit ekstra tiltak.

Det blir tatt nye prøver i dag og i morgon, og Myklebusthaug håpar at desse prøvene vil friskmelde vatnet.

Han veit ikkje årsaka til problemet.

Kokepåbodet gjeld alle abonnentar i Ytre Herøy, Nautøya og Sandvika, med unntak av Nerlandsøy og Runde, som har eige vassverk.