Avgjerda som vart teken i kommunestyremøtet i Volda torsdag ettermiddag, gjer at Austefjord skule er trygg i alle fall to heile skuleår til.

Det var eit framlegg frå austefjording Helge Hamre i Venstre som vart vedteke mot ni stemmer. I vedtaket heiter det m.a. at dersom ungdomssteget på Austefjord skule 1. august 2016 eller seinare har mindre enn ti elevar, så vert ungdomssteget nedlagt.

Elevane på ungdomssteget får då Volda ungdomsskule som nærskule.

Vidare står det at dersom barnesteget på Austefjord skule får færre enn 13 elevar 1. august 2016 eller seinare, så vert barneskulen lagt ned i si noverande form.

Resultatet kvan verte kombinert småskule, barnehage og skulefritidsordning.

- Bør vere skule ei stund til

Helge Hamre har tidlegare vore open for ei nedlegging av ungdomsskuletrinnet på Austefjord, men sa i eit innlegg på møtet at han har tvilt seg fram til at det bør vere ungdomsskule i bygda ei stund til.

- Det har med å gjere at Austefjorden no er inne i ei tid full av mulegheiter. Det er auka interesse for eigedomar her, vi har fått nytt byggjefelt like ved skulen, og med Kvivsvegen har vi fått kort veg til fleire stader. Det er fullstendig meiningslaust å spenne bein for den utviklinga Austefjorden no er i, ved å leggje ned skulen, sa Hamre.

Svak økonomi

Rådmannen si tilråding var å leggje ned Austefjord skule i sin heilskap allereie frå hausten. Driftsstyret gjekk inn for rådmannen si tilråding, medan formannskapet stemde i mot å leggje ned skulen.

Volda kommune er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, og hamna denne veka på Robek-lista ovar kommunar som må ha statleg kontroll med økonomien.

Les også: Eit steg nærare nedlegging