Imdi ber Ålesund kommune ta imot 470 flyktningar i år. Det er 170 fleire enn kommunestyret har vedtatt.

Fleirtalet i kommunestyret i Ålesund gjekk i februar inn for å ta imot 300 flyktningar. Det var færre enn Imdi på dette tidspunktet hadde oppmoda om, men fleire enn kommunedirektør Jon Steven Hasseldal innstilte på.

Grunnen til at ein gjekk imot oppmodinga i februar, var blant anna mangel på bustadar, arbeidet med kommunedelinga og ein krevjande økonomisk situasjon. Saka splitta politikarane, og eit mindretal meinte Ålesund måtte vedta oppmodinga fordi situasjonen er så prekær.

Imdi skriv i brevet at flyktningstraumen frå Ukraina gjer det nødvendig å be kommunane ta imot 38.000 flyktningar i år.

Konstituert direktør Lisbeth Fransplass Røren i Imdi skriv i brevet: «Det ekstraordinært høge talet på flyktningar frå Ukraina held fram med å vekse som resultat av Russland sin invasjon i februar 2022. Dei humanitære følgjene er dramatiske i Ukraina. I Europa er det meir enn 8 millionar fordrivne menneske frå Ukraina.»