Det meiner Stig Are Ekornåsvåg, dagleg leiar i Sunnmøre Miljøservice AS.

SJEF: Stig Are Ekornåsvåg er dagleg leiar i Sunnmøre Miljøservice AS.

Debatten kring kloakkløysingar på Fjellsetra engasjerer mange, ikkje minst

hytteeigarane som kan bli sittande att med ei ekstrarekning

på ca. 150.000 kroner kvar.

– Ei gradvis utbygging av kloakkløysingar for kvart hyttefelt er det beste, seier Ekornåsvåg.

500 nye hytter

Han legg til at det er snakk om 500 nye hytter. Men ingen veit kor lang tid det vil ta før alle hyttene er på plass.

Sunnmøre Miljøservice har levert fleire reinseanlegg for kloakk på Fjellsetra, mellom anna tre store anlegg som reinsar kloakk frå inntil 30 hytter. Her vert kostnaden rundt 50.000 kroner per hytteeigar.

– Det er betre med slike reinseanlegg på fjellet, enn kommunen sitt forslag, som går ut på å pumpe fast kloakk over lange strekningar ned til fjorden. Det krev store pumpekummar og i tillegg mykje vatn, seier Stig Are Ekornåsvåg.

Det største reinseanlegget Sunnmøre Miljøservice har levert på Fjellsetra er eit anlegg til Sætrelia Hyttefelt. Dette anlegget reinsar alt frå 30 hytter. Og med ein tank til kan kapasiteten doblast.

– Denne typen brukar svært lite kjemikaliar og er miljøvenleg. Her er det også avtale om service to gonger i året og vassprøvetaking seks gonger årleg, fortel Ekornåsvåg.

Vatn mot brann

– Kva med sløkkevatn?

– Det kan løysast ved å montere ein tett tank på 20.000 kubikk etter reinseanlegget slik at det vatnet som er reinsa fyller opp denne tanken før det går vidare og blir sleppt ut. Då har du sløkkevatn tilgjengeleg alle stader der du har eit reinseanlegg – og denne tanken vil heile tida vere full, forklarer Stig Are Ekornåsvåg i Sunnmøre Miljøservice AS.

Bjørn Idar Lyngvær (V), NU-leiar i Sykkylven, seier at dei no vurderer ulike kloakkløysingar:

– Det einaste som er klart er at Stranda ikkje vil vere med på ei felles løysing – dessverre.