Politiet hadde fartskontroll på Hellesylt ein kveld i sommar og stoppa ein bil som hadde køyrt i 105 km/t i ei 50-sone.

Føraren av bilen var ein utanlandsk statsborgar i 20-åra, ifølgje ein dom frå Møre og Romsdal tingrett.

Til tingretten har han forklart at han var på veg ut frå Hellesylt sentrum denne kvelden. Han blei liggande bak ein bil som køyrde svært seint, kanskje i 20–30 km/t.

På ei rett strekning køyrde han forbi bilen. Mannen har forklart at elbilen han køyrde akselererte kraftig då han trykte på gasspedalen. Han følgde ikkje med på speedometeret.

Mannen har tilstått forholdet og er dømd til fengsel i 18 dagar.

Retten uttaler følgjande om lovbrotet:

«Tiltalte har begått en betydelig hastighetsoverskridelse, mer en dobbelt av lovlig hastighet. At det var gode kjøreforhold på stedet, får liten betydning når lovbruddet er så massivt»

Mannen har utanlandsk førarkort. Han mister difor ikkje førarretten, men får køyreforbod i Norge i 15 månader.

Sidan han ikkje har fast bustad i Norge, kan han ikkje påleggast full ny førarprøve for å få oppheva køyreforbodet, ifølgje dommen.