Uvêret «Hans» har ført til fleire stengde vegar i området vårt. Måndag blei fylkesveg 63 Trollstigen stengt. Det same blei Fv. 655 Norangsdalen og Fv. 63 på strekninga Langvatn-Geiranger.

Trollstigen og Langvatn-Geiranger var tysdag stengd. Fv. 655 Norangsdalen opna tysdag.

I tillegg er Raumabanen stengt ut tysdag. Det blir ikkje køyrd alternativ transport, opplyser SJ Norge i ei pressemelding.

Jordskredfaren er på gult nivå på indre Sunnmøre tysdag morgon.

Må vere trygt

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen fortalde måndag at dei stengde desse vegane utifrå eit føre-var-prinsipp.

– Vår førsteprioritet er å sørge for at det er trygt for folk å ferdast på fylkesvegane våre. I desse områda ser vi at den varsla nedbøren kan få store konsekvensar. Vi vil ikkje ha trafikantar på vegane når det verste vêret sett inn, sa han då.

Fylkesvegsjefen opplyste at det også er fleire andre vegstrekningar der trafikantar kan rekne med stenging på kort varsel i løpet av dei næraste dagane.