Det er kommunestyremedlem for Ørsta Høgre, Rune Hovde, som stadfester dette overfor Møre-Nytt.

– Det er viktig at det kjem ein nasjonal sjukehusplan. Men eg synest det vert for enkelt når det å kutte akuttkirurgien ved fem mindre sjukehus er det som skal berge Helse-Norge. Dette er ei sak vi må ta på høgste alvor, seier kommunestyremedlem Rune Hovde (H) i Ørsta Høgre til avisa.

Tysdag er det fakkeltog for Volda sjukehus, etter at helseminister Høie anbefaler å kutte ut akuttkirurgien ved sjukehuset.

Hovde seier til smp.no at det er Høgre i Ørsta og i Møre og Romsdal Høgre som har jobba for å få helseminister Høie hit.

– Må vurdere Nordfjord

Ørsta og Volda kommunar inviterer i dag helseministeren, med dette brevet.

Etter at storsamfunnet har investert store summar i Kvivsvegen, meiner dei to ordførarane at også Hornindal, Stryn og Eid i Sogn og Fjordane bør reknast med til Volda sjukehus.

Ferjefritt

– Samla soknar snart 70.000 innbyggjarar på Søre Sunnmøre og Nordfjord ferjefritt til Volda sjukehus, skriv dei i brevet til helseministeren, signert Ørsta-ordførar Stein Aam og Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Dei meiner grensene for helseføretaka ikkje er tilpassa den nye verkelegheita, med ferjefritt samband frå Nordfjord til Volda.

– Vi ønskjer å informere om det velfungerande sjukehuset vi har i Volda og som vi meiner er uheldig handsama i sjukehusplanen på grunn av fylkes- og foretaksgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, skriv dei i brevet til helseministeren.

Både Kvivsvegen og Eiksundsambandet er framtidsretta vegsamband, men då må også det offentlege sine grenser for helseføretaka vere like framtidsretta, meiner dei to ordførarane.