To dagar på rart vart fylkesvegar i Norddal kommune ramma av ras:

– I Norddal har vi fleire vegar som er utsett for ras, spesielt med vertilhøve som no. Det gjeld spesielt tre fylkesvegar spesielt, seier Norddal-ordførar Arne Øyvind Sandnes til Smp.no.

– Livsfarleg

I tillegg til dei to vegane nemner han fylkesvegen mellom Eidsdal og Norddal, ifølgje ordføraren viden kjent for både steinsprang og snøras.

– Akkurat no har eg ikkje høyrt om noko der, men i Tafjord hadde vi no altså eit ras i dag. Det var ikkje frå så høgt ovanfrå, men ein hammar på om lag ti kubikkmeter med stein som sprakk laus, seier ordføraren, som sjølv var ute og fekk sjå steinen.

– Hadde det vore trafikk der, hadde det sjølvsagt vore livsfarleg.

foto
Etterlyser strakstiltak Ordføraren i Norddal seier det er openbart at faren berre vil auke framover på dei rasutsette vegane. Foto: Arne Øyvind Sandnes

Etterlyser strakstiltak

– Vi vert igjen minna om at i Norddal kommune er mange vegar ekstremt rasutsette. Her trengst det strakstiltak, meiner ordføraren.

Fredag har han skrive brev til både fylkeskommunen, som eig vegen, og til Statens vegvesen. Han ber om at dei vurderer strakstiltak som for eksempel fanggjerder langs vegen.

Treng meir midlar

Sandnes har også ei oppfordring til staten om å løyve meir pengar til rassikring.

– På lang sikt er det nok nesten umogleg å sikre desse vegane heilt utan å bygge tunnel, seier Sandnes.

– Dagens midlar til rassikring strekk ikkje til. Eg veit at politikarane våre jobbar godt, og at dette ikkje er enkelt. Men å sikre at det ikkje går menneskeliv tapt er særleg viktig. Det må gå framfor ein del andre ting.

Ros til mannskap

Ordføraren gir ros til alle involverte etatar når det gjeld beredskapen, som har blitt sett på prøve ofte den siste tida.

– Statens vegvesen og Vegdekke sine mannskap var raskt på plass saman med personell frå Norddal kommune og fekk kontroll på trafikken. Vi kan konstatereat varslingsrutinane har fungert godt både torsdag og fredag, seier han.