Ei heilt fersk prognose 10 dagar fram viser at det blir både nysnø og solskin på Nordvestlandet i veka som kjem.

Medan Nordfjord har vinterferie denne veka, har Sunnmøre vinterferie komande veke.

Og dei som reiser på fjellet bør så absolutt ikkje gløyme att solkremen heime.

Men først blir det vestavêr, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Liten storm

– Til helga blir det ein god del vind frå vest, med snøbyger over 2-400 meter. Hovudtyngda kjem sør for Nordfjord, men også Nordfjord og Sunnmøre får snø. Dette varer heile helga, seier Fagerlid.

– Det blir ikkje topp vêr i helga, men ikkje kjempedårleg heller. Det blir lenger periodar med opphaldsvêr der det blir muleg å stå på ski, seier meteorologen.

Meir snø

Tysdag passere eit nytt nedbørsfelt. Her er venta ein god del nedbør.

– Eg er litt usikker på kor mykje det er snakk om. Eg ser for meg at det er snakk om 20-30 cm snø i løpet av eit døgn. Det skal snø ganske lågt, ned til 100-300 meter, kanskje heilt ned i fjøresteinane, seier han.

Så solskin

Men etter det trur meteorologen at det blir strålande sol både på Sunnmøre, i Nordfjord og på Bjorli.

Og her innrømmer stryningen at han sjølv gjerne skulle vore i Nordfjord.

– Det kan bli ei fantastisk fin avslutning på vinterferien, med stålande sol og låge temperaturar både torsdag, fredag, laurdag og søndag. Vêret i fjellet ser veldig flott ut akkurat no, seier Geir Ottar Fagerlid.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.