I Møre og Romsdal er det vinterferie komande veke, og mange skal ut på vegane. Torsdag ettermiddag har meteorologisk institutt sendt ut eit obs-varsel for fjella i Sør-Norge.

Første del av helga er det venta vanskelege køyretilhøve i fjellet pga. sterk vind og snø, melder yr.no i eit obsvarsel.

«Fredag kveld og tidleg laurdag sørleg liten storm på Vestlandet og i Sør-Trøndelag. Vanskelege køyretilhøve i fjellet. Fredag kveld og tidleg laurdag vanskelege køyretilhøve i fjellet grunna storm og snø» heiter det i varselet.

Obs-varselet gjeld også Telemark, Agder, Buskerud, Oppland og Hedmark.