Brota i fjor vart avdekt hos over 300 bedrifter i fylket. Dei omhandla i all hovudsak manglande arbeiskontrakt, inga overtidsbetaling, lønsslipp og utnytting av lærlingar.

Verstingeksempel

– Veldig mange ungdommar kjenner ikkje til rettar og plikter i arbeidslivet. Til dømes er det mange ungdommar som ikkje kjenner til reglar om verneutstyr. Når du er ung og ny på ein arbeidsplass, er det ikkje enkelt å spørje, seier Kent Logan Jelle.

Fylkessekretæren har høyrt om tilfelle der midlertidige tilsette fekk beskjed om å skaffe seg verneutstyr sjølv.

Han viser til eit verstingeksempel som vart avdekt på landsbasis, der ein ungdom sat usikra i høgda og la nytt hustak med slippers på beina. Slike eksempel vil Landsorganisasjonen i Norge, som er landets største lønstakarorganisasjon, unngå for alt det er verdt.

Følg smp.no på Facebook her

Uanmeldt besøk

Fylkessekretæren kursar torsdag og fredag 23 personar i alderen 35 år og yngre, som har meldt seg til å reise rundt i fylket for å besøke bedrifter og sommarvikarar.

Sommarpatruljen kjem på uanmeldt besøk, der dei gir informasjon til både arbeidsgivar og ein utvalt arbeidstakar, om gjensidige plikter og rettar på ein arbeidsplass.

Jelle understrekar at skulle det oppstå problem på ein arbeidsplass, er det viktig at også sommarvikarane er organiserte.

– Det er viktig å ha ein organisasjon i ryggen som kan hjelpe deg.

Pliktar og rettar

Manglande arbeidskontrakt er eitt av hovudproblema sommarvikarar opplever.

– Ein arbeidskontrakt er noko arbeidsgivar og arbeidstakar skal bli einige om saman, som skal innehalde informasjon om arbeidstid og løn, uttalar Jelle.

Meir forbrukarstoff på smp.no

Han legg til at mangel på overtid og mangel på pausar, også er eit kjent problem.

Ifølgje Jelle er det arbeidsgivars plikt å leggje til rette for pausar. Er du over 18 år, og jobbar 5,5 timar eller meir, skal du ha ein pause i løpet av arbeidsdagen. Er du under 18 år, og jobbar 4,5 timar eller meir, har du krav på 30 minutts pause. Jobbar du åtte timar per dag, skal du ha ein 30 minutts pause.

– Eg har møtt ungdommar som ikkje har fått gå på do i løpet av arbeidsdagen, fordi dei er åleine på arbeidsplassen. Arbeidsgivar skal leggje til rette for at du kan få dekt slike behov. Om du jobbar åleine, må du faktisk berre stenge døra, og ta ein dopause. Å ikkje gå på do kan gå ut over helsa di, understrekar Jelle innstendig.