SISTE:

– Status nå er at vi har gjort detaljerte undersøkingar av telefonsignal. Dette kan fortelje oss kvar den sakna kvinna har halde til. Dronar og helikopter kjem i dag, onsdag 25. oktober, til å søke i disse områda, fortel politiinspektør Anders Skorpen-Trøen.

– Vi har starta søk med drone og politimannskap for å leite etter den sakna kvinna, seier politiinspektør Anders Skorpen-Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Siste sikre observasjon er på Romsdalseggen 19. oktober.

– Ho blei sist sett torsdag av folk som var på Romsdalseggen. Politiet reknar denne observasjonen som svært sannsynleg, seier Skorpen-Trøen til Sunnmørsposten.

Sakna på Romsdalseggen

Det var måndag 23. oktober at politiet fekk melding om at Amélie Michal Schenavsky ikkje returnerte til Oslo som avtalt. Det var ei venninne som melde henne sakna.

Ho skal ha vore på tur frå Oslo til Åndalsnes i Rauma kommune. Ifølge politiet skal ho ikkje ha ei spesiell tilknyting til Nordvestlandet, den tyske kvinna var busett i Oslo.

Ifølge Åndalsnes Avis er politiet er i Vengedalen med fem patruljar og søker etter den sakna tyske kvinna. Foto: Trond A. Alund/Åndalsnes Avis

Dette kan ha skjedd med Amélie

Det blir jobba med fleire hypotesar, ei av dei er at kvinna kan ha oppsøkt hytter i nærområde. Ei anna hypotese er at det kan ha skjedd ei ulykke.

– Politiet vil leite på Romsdalseggen med drone tysdag. I tillegg vil vi undersøke om ho kan ha tatt seg til hytter i nærleiken av Romsdalseggen. Politiet får også hjelp frå Norske Redningshunder, ein hund er sett inn i leitinga. Elles er vi i kontakt med Røde Kors lokalt, legg Skorpen-Trøen til.

– Korleis er leiteområdet?

– Området vi leiter i er stort, bratt og ulendt. Og det er delvis utan mobildekning. Men vi har fått nokre digitale spor som tyder på at ho har vore i dette området. Politiet har ingen andre område enn Romsdalseggen vi leiter i per no, seier han til Sunnmørsposten.

Politiet ber om tips

Den sakna kvinna er 26 år, 160 cm høg og har mørkt brunt hår.

– Om nokon har observasjonar av henne, ta kontakt på tlf. 02800, heiter det.

Pårørande er informert om at politiet deler foto av den sakna kvinna.

Det har også vore søk etter ei sakna spansk kvinne på Romsdalseggen. Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier dei ikkje ser nokon samanheng mellom dei to sakna-sakene.