Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå næringslivet i Sandøy og Haram. Resultata vart lagt fram onsdag klokka 11 på Ålesund-kontoret til Rostein.

Også om Nordøyvegen skulle bli 10 prosent dyrare, og renta stig til 5 prosent, vil det løne seg, om berre så vidt, ifølgje rapporten.

– Om vi i næringslivet kunne legge fram så sikre kalkylar på alt vi hadde gjort, då hadde det ikkje vore farleg, sa Nogva-sjef Kjell Nogva under framlegginga.

Samanlikna med første rapport, har dei også gått over til serielån fordi fylkeskommunen er forplikta til det.

Ikkje alt er tatt med

Då er fleire forhold ikkje tatt med: Vil det i anleggsperioden bli behov for ekstra ferjekapasitet? Og vil det i løpet av 40-årsperioden bli behov for ei større rehabilitering ut over drift og vedlikehald? Dette er ikkje med.

Framtidige ferjeutgifter er også berekna ut frå dagens ferjer. Med nye batteriferjer vil utgiftene skyte i vêret, meiner dei.

– Batteriferjer blir betydeleg dyrare. Vi har likevel ikkje lagt dette inn, som ein ekstra sikkerheitsmargin, seier Bradley.

Stor kontantstraum i starten

For å bøte på det store behovet for kontantar dei første åra, har selskapa Rostein og I.P. Huse skriftleg gitt fylkeskommunen tilbod om lån på 60 millionar kroner til 1 prosent rente over 10 år.

– Vi sende brev til fylket om dette rett før helga, seier Glen Bradley i Rostein.

– Husk at dette rapporten er laga av reaksjonære, konservative folk som er veldig forsiktig. Det er mykje større lønsemd for næringslivet, og for prosjektet, enn det som kjem fram her. Men denne rapporten er tilstrekkeleg overbevisande. Vi treng ikkje ei samfunnsøkonomisk analyse også, sa Huse.

Dersom Nordøyvegen blir bygt utan ekstra kostnader, og gjennomsnittleg rente blir 3,1 prosent, endar Nordøyvegen med eit overskot på 611 millionar kroner samanlikna med ferjedrift, ifølgje rapporten.