– Etterforskinga går føre seg, og hendingsgangen er framleis ikkje klarlagd for politiet, opplyser politiadvokat Eli Andrea Skaar i Vest politidistrikt.

Dersom det er vitne til hendinga, ber politiet desse kontakte politiet på tipstelefon: 476 96 060.

Vest politidistrikt fekk fredag kveld, klokka 22.45, melding om ei trafikkulykke i Florø med to involverte bilar. To personar, som hadde kome seg ut av den eine involverte bilen, blei sendt med luftambulanse og ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Bilen som sto i fyr blei utbrent, og i den utbrente bilen var det tre personar, der alle tre er bekrefta omkomme. Det er to menn og ei kvinne som er omkommen. Éin av dei er i slutten av tenåra og to av dei er i starten av 20-åra.