Det har vore eit trafikkuhell på småbåthamna ved Håhjem i Skodje. Ein bil er involvert og det er meldt om ein mann med skade i foten.

– Mannen heldt på å sette ut båt med båthengar og så har det kome ein bil og køyrd inn i vaieren. Hengaren har då treft foten til mannen.

Skadeomfanget er ukjent.

Bilen skal ha køyrd vidare.

– Vi ønsker å kome i kontakt med føraren av ein raud SUV. Venligst ta kontakt på 02800.

Det seier operasjonsleiar Sindre Molnes.

Politi og ambulanse er på staden.

Klokka 15 opplyser politiet at eigaren av bilen framleis ikkje har meldt seg. Skadeomfanget er framleis litt uklart, men det skal vere snakk om skade i ein ankel.

Når det gjeld bilføraren som reiste frå staden, har politiet kjennskap til kven eigaren skal vere.

– No handlar det om å kome i kontakt med vedkommande, seier operasjonsleiar.