Medisinske avdelingar på sjukehusa er altfor fulle. Det uttrykker fleire av styremedlemmene i Helse Møre og Romsdal.

– Meir enn 85 prosent av kapasitet er det nivået som aukar risikoen for pasientskadar, sa fagdirektør Erik Solligård i onsdagens styremøte i helseføretaket.

Samtidig viste han at dei fleste sjukehus i helseføretaket ligg på mellom 90 og 100 prosent av kapasiteten. Unntaket er Kristiansund sjukehus, som ofte ligg over 100 prosent.

Dei tilsette i Helse Møre og Romsdal har fire representantar i styret. Alle tok ordet og uttrykte bekymring.

Anette Lekve peika på pasientsikkerheita og på slitasjen på tilsette. Det er «særdeles urovekkande», sa Lekve.

Anette Lekve (t.v.) og Hilde Furnes Johannessen. Foto: Staale Wattø (arkiv)

Sigurd Heian sa at dette er ei viktig realitetsorientering for kva styret skal vedta seinare på møtet. «Kvaliteten blir sett under press», sa Heian. Det er som kjent foreslått store kutt på sjukehusa i Møre og Romsdal. Desse kuttforslaga vart behandla seinare i styremøtet.

Bjarne Storset meinte at belegg over 85 prosent eigentleg er eit avvik.

Hilde Johannessen peika på at mange feilbehandla pasientar ligg på medisinsk avdeling, og ho spurte om det er ein samanheng. I tillegg tok styremedlem Toril Forbord ordet og stilte same spørsmål.

Eksempel på komplikasjon som kan oppstå under innlegging på sjukehus er urinvegsinfeksjon. Fagdirektør Erik Solligård peika på dette og fleire andre komplikasjonar som det er viktig å jobbe for å få ned.