Tenåringen skal ha vore på tur med ei venninne då han tende på ein pappbit utanfor ein symjehall.

Vidare leika dei med den påtente pappen og la den opp på noko treverk.

Då ein bil kom køyrande sprang dei frå området.

Tenåringane fortalde i avhøyr at han var sikker på at flammane skulle døy ut av seg sjølv.

Dette skjedde derimot ikkje.

Flammane vart til ein brann som førte til skadar for fleire millionar kroner på bygninga og inventaret.

Retten dømmer tenåringen til fengsel i fire månader.

Han får derimot ei prøvetid på to år, på det grunnlag at han gjennomfører ungdomsoppfølging gjennom konfliktrådet i eitt år.