Statens vegvesen melder at dei har kontrollert 77 køyretøy torsdag på Kjøs ved Hornindal.

Av desse var 73 tunge køyretøy.

Resultatet vart:

Bruksforbod: 6 Køyretøy med skriftlege manglar: 4 Sjåførar med brot på køyre- og kviletid: 2

  • Eit vogntog fekk bruksforbod på grunn av hindringar i siktsona. Tilhengaren hadde teknisk mangel på eit dekk, og skiltet mangla preging.

  • Ein førar måtte smøre koblinga før vidare køyring.

  • Ein førar måtte sikre lasta si ytterlegare før vidare kjøring.

  • Ein førar fekk muntlig åtvaring for mindre brot på reglane om køyre- og kviletid.

  • Ein varebil fekk bruksforbod etter stål mot stål på bremseklossar bak. Vedkommande får køyre til verkstad på bestemte vilkår.

  • Ein varebil med hengar fekk bruksforbod då alle lys på tilhengar var ute av funksjon.

  • Vogntog: Advarsel køyre- og kviletid. Tekniske manglar.